
«No må de koma, me byrjar å få dårleg tid :-)», tikkar det inn på melding frå Sindre Hauan, avdelingsleiar for Kirkens Bymisjon Haugalandet og leiar I Jobb på Stord. Det er tydeleg at dei har tett timeplan. I Jobb er eit eit lågterskel arbeidstilbod for rusmiddelavhengige, og ei av arbeidsoppgåvene er å halda det reint og ryddig på Heiane. HeianeNett.no møter Hauan på parkeringsplassen utanfor storsenteret, saman med eit arbeidslag som ivrar etter å gyva laus på rusk og rask.
– Er dette eit fast opplegg?
– Ja, det er sett i sving av Heiane Næringsforening, og me er ein gjeng på seks-sju personar som kjem att kvar 14. dag for å rydda bos i området mellom storsenteret og Maxbo. Det har me gjort i eitt års tid, om ikkje lengre, fortel Hauan.
– Er dette eit tilbod som andre kan henge seg på?
– Det er det. I tillegg til å rydde på Heiane, tek me i mot oppdrag frå privatpersonar, verksemder og kommunen. Det kan vere alt frå grovt hagearbeid og diverse rydding til enkel trefelling og arbeid med ved.
– Så de har nok å henge fingrane i?
– Absolutt! Det er så og seie full fart frå påske til seinhausten med oppdrag! avsluttar Hauan før dei må komma seg av garde for å rydda og skapa meir trivsel blant handlande.
I Jobb Stord har ei eiga Facebook-side der du kan følgje arbeidet deira. Denne finn du her.