Velkommen til Sport 1!

Med raud løpar og mange gode tilbod, opna Sport1 ny butikk på Heiane 10. april.

Butikksjef Adine Sørli Birkeland er godt fornøgd med kundetilstrøyminga og gode tilbakemeldingar på opningsdagen. Foto: Rune Skjærvold, Zpirit

– For oss har dette vore ein stor dag. Me har hatt masse kundar innom heilt frå me opna dørene klokka 07, og me fått mange positive tilbakemeldingar både på interiør og vareutvalet i, smiler butikksjef Adine Sørli Birkeland – som også driv Sport1 i Amfi-senteret på Leirvik.

Det var i fjor vår at ideen om ekspansjon til Heiane blei sådd. Då konkurrenten G-Sport på Leirvik vart avvikla, fekk Adine og makker Odd Gunnar Larsen mange førespurnader om syklar – som dei hadde lite av i sitt sortiment. Men for å kunna satsa på sykkel, trong både større salsareal enn dei har i dagens butikk i Amfi-senteret – og dei trong verkstad og servicepersonell.

Løysinga blei å kjøpa dei tidlegare lokala til Sykkel & Sport på Rundehaugen 35 på Heiane, der Adine og Odd Gunnar har fått med seg Jostein Almås (eks-Sykkel & Sport) som sykkelansvarleg. Her kan du som kunde no boltra deg i 800 kvadratmeter med sports- og fritidsutstyr i alle kategoriar, fordelt på to etasjar.

Du finn den nye Sport1-butikken på Heiane på Rundehaugen 35, der Sykkel & Sport tidlegare heldt hus. Foto: Rune Skjærvold, Zpirit