God start for B3 Helse

– Målet vårt er å tilby helsetenester til heile mennesket, fortel Vegar Lønnheim i B3 Helse.

Med 100 gjester på opningsdagen, og bra pågang i vekene etter, har kvintetten som utgjer B3 Helse fått ein solid oppstart i nye lokale på gateplan i Rundehaugen 19 på Heiane.

– Heile gjengen er kjempefornøgde med responsen så langt. Ikkje minst er me takksame for alle dei fine tilbakemeldingane me får frå brukarane av teneste våre, seier fysioterapeut Vegar Lønnheim.

Breitt tenestetilbod

Det var i slutten av august 2019 at han, kona Anette R. Lønnheim (fysioterapeut), Katrine Hillestad (personleg trenar/klinisk ernæringsfysiolog), Linda Egelandsdal Kongestøl (familieterapeut) og Liv Heidi Kolbeinsvik (autorisert fotterapeut) samla praksisane sine under eitt tak i det nye B3 Helse.

Fysioterapeut
Vegar Lønnheim

– Grunntanken vår er at me saman kan tilby eit annleis helsetilbod enn det som har vore på Stord, der me har fokus på heile mennesket, fortel Vegar.

Det nye helsetilbodet på Heiane har si rot i det fysikalske instituttet B3 Fysio, som Vegar og Anette starta i sokkeletasjen heime på Valvatna i 2014.

– Der oppdaga me fort at folk sjeldan oppsøkte oss med berre ein vond kroppsdel. Dei hadde ofte andre plager eller vanskar i livet. Me ønskte derfor å supplera fysioterapien med andre faggrupper, og eg er veldig fornøgd med samansetninga av dyktige fagfolk som me har fått i B3 Helse. Hos oss er det kort og enkel veg mellom dei ulike tenestene me tilbyr, og fellesskapen bidrar i tillegg til fagleg utvikling gjennom at me lærer av kvarandre, smiler Vegar.

Rundehaugen 19 – Heiane

Startar kursverksemd

B3 Helse tilbyr sine tenester både til privatpersonar og næringslivet. I tillegg til behandling, har dei også stort fokus på førebygging av helseplager.

– Når me no har fått plass til vårt eige kurslokale, planlegg me oppstart av ei kursrekke retta mot både privat- og bedriftsmarknaden. Nokre av kursemna me jobbar med er kvinnehelseplager – som fysioterapeut Anette har spisskompetanse på, ernæring og kosthald, løpsidrett, rygg-, nakke- og skulderproblematikk, samt psykososialt arbeidsmiljø, seier Vegar.

Dei fire ulike praksisane driv sjølvstendig, men har felles telefonnummer og marknadsføring.

– Sidan me har ulike arbeidstider, og fort kan vera «ute i felten» i bedrifter i Sunnhordland, rår eg alle til å ta kontakt på telefon 477 57 772 for å avtala time, oppfordrar Vegar.

Besøk vår nettstad: b3helse.no