Brilleriet vart fyrst etablert på Leirvik av 24 år gamle Jan Steinfeld Holmberg i 1969. Namnet var Synssenteret Holmberg. For å starta butikken trengte han 20 000 i startkapital, men banken ville ikkje hjelpa. Heldigvis hadde han ei rik tante i Amerika.

Ved oppstarten var Synssenteret den einaste optikarforretninga mellom Bergen og Stavanger. I 2006 overtok 24 år gamle Arnhild Myklebust drifta og eigarskapet av Synssenteret. Holmbergnamnet vart teke vekk og butikken fortsette den positive utviklinga under namnet Synssenteret Synsam. I 10 år levde Brilleriet i eit lukkeleg ekteskap med Synsam før me i 2017 skilde lag med kjeda for å starta vår eigen, unike og lokale profil. Brilleriet vart ein realitet og butikk nr 2 vart starta opp på Heiane Storsenter 1.mars same år. Me er dei same, men no er me oss sjølve. Heilt sidan starten i 1969 har god service, utval og fagleg kvalitet stått i høgsetet. Me tilbyr synsundersøkingar med fagleg fyktige optikarar. Me skal vera den mest attraktive og freistande brillebutikken og me vil skilje oss ut ved å vera lokale og gje brillene personlegdom og karakter. Me sjåast!

Opningstider:

  • Måndag: 10.00-20.00
  • Tysdag: 10.00-20.00
  • Onsdag: 10.00-20.00
  • Torsdag: 10.00-20.00
  • Fredag: 10.00-20.00
  • laurdag: 10.00-18.00
  • Søndag: Stengd

Kontaktinformasjon

Her finn du oss:

Tilbod frå :

Ingen aktive tilbod.