Podlen Verkstad AS held til i Hatlandsmyro 7 på Heiane Industriområde på Stord, ved E 39, ca 4 km sør for Leirvik, regionsenteret for Sunnhordland.
Podlen Verkstad er arrangør av arbeidsmarknadstiltak VTA – Varig Tilrettelagt Arbeid. VTA er eit arbeidstilbod til uføretrygda personar som vil nytta restarbeidsevna si. Me har i tillegg elevar frå vidaregåande skule i arbeidstrening. Omlag 30 personar, frå kommunane Fitjar, Stord og Sveio, er i arbeid hos oss.
Me har avdelingar for VASKERI, VED, SNIKKARVARER og PAKKE/SERVICE. Under stikkordet Produkt finn du fyldig presentajon av produkta og tenestene me tilbyr.
I vintersesongen er VED eit svært aktuelt produkt. Sjå då under PRODUKT og VED.
Er du nøgd, sei det vidare. Er du ikkje nøgd, sei det til oss.