Me er ei entreprenørbedrift som held til på Stord. Me tek oppdrag for private og offentlege arbeidsgjvarar i Sunnhordlandsregionen. Stord Anlegg består av 11 engasjerte medarbeidarar som er opptekne av at jobben vert gjort på ein profesjonell og effektiv måte. Dette oppnår me ved å ha dyktige medarbeidarar og moderne maskinar.

Bedrifta vart etablert i 2006 og me har hatt ei stadig aukande arbeidsmengde. Me har hatt mange spennande, store og krevjande oppdrag i desse åra. Godt utstyr er avgjerande for å kunna gjere krevjande oppdrag på tilfredstillande vis. Skikkeleg grunnarbeid krevjer spesialkompetanse og rett maskinar.

Me i Stord Anlegg fokuserer på helse, miljø og sikerhet. Me er opptekne av å ivareta sikkerheiten til våre tilsette, samt sørga for eit godt fysisk arbeidsmiljø.

Vår filosofi er “gjer ting rett, så vert det gjort effektivt” Dette er blitt vårt motto, som pregar måten me utfører oppdraga våre på. Me er proffesjonelle og effektive, og forventar det samme av våre samarbeidspartnarar og underleverandørar. Ingen er sterkare enn det svakaste ledd, difor har me valt å stilla høge krav til oss sjølve og våre samarbeidspartnarar.

Føl deg difor trygg når du har valt Stord Anlegg som din entreprenør.

Opningstider:

  • Måndag: 07.00-15.00
  • Tysdag: 07.00-15.00
  • Onsdag: 07.00-15.00
  • Torsdag: 07.00-15.00
  • Fredag: 07.00-15.00
  • laurdag: Stengd
  • Søndag: Stengd

Kontaktinformasjon

Her finn du oss:

Tilbod frå :

Ingen aktive tilbod.